tirsdag, august 04, 2015

7. Elbil på langtur - Erfaringar: Går det an med liten elbil på ein lang tur, med barn?


(Dette er siste og sjuande kapittel i soga om ein lang ferietur med ein liten elbil. Historia startar lenger nede i bloggen, frå kap. 1.)

Så korleis er det å køyra ein liten elbil på langtur, med barn?

-Sjølv om det i kapitla lenger nede er omtale av enkelte utfordringar, vil eg påstå at det eigentleg ikkje er noko særleg problem. Det gjeld berre å ta det med ro, stansa/lade ofte nok og planlegga ekstra godt.

Tur over RV 7, Hardangervidda. Retur over E134, Haukeli.


-Nokre strekningar, som mellom Geilo og Eidfjord på RV7, og mellom Røldal og Notodden på E134 er det førebels ingen hurtigladarar og smått med sakteladarar. Så då er det lurt å kontakta overnattings, serverings og rekreasjonsstader og spørja om lov til å lada der. Alle som eg kontakta var positive. Og dei får jo dermed blide kundar som samstundes nyttar seg av det som er å tilby der. I tilfelle må ein godta at det kan ta nokre timar å vera der.

-Når det gjeld hurtigladarar, så kjem det vel straks ein frå Grønn Kontakt på Åmot. Og i følje dei, satsar dei òg på å få opp hurtigladarar på Haukeligrend og i Seljord. Så allereie neste sommar kan ein muligens hurtiglada heile vegen.

-Ein bør berekna minst ei overnatting mellom aust og vest (sjølv om eg trur det kunne gått greitt å køyra utan overnatting over RV7, dersom ein reiste utan barn). I tilfelle er det aller best å overnatta på camping. Der er det god plass for barn, mykje å gjera, og ofte andre barn å treffa. Eg har eigentleg ikkje vore ein slik campingturist, men fekk ei lita openbaring på denne turen. Ein teltplass med straum kostar berre rundt 200 kroner. 

-Ta med alle typar ladekablar, som type 2, forlengingskablar og liknande.

-Andre ting som er kjekt å ta med: Ice-nett modem dersom ein treng stabilt internett (eg gløymde å ta med tilkobling til sigarettennar-uttaket) og kupèvarmar til teltet (det var ganske kaldt oppå fjellet). Ein tarp er fint å ha som ekstra vern over teltet i tilfelle det blir regn, og som ekstra plass å sitja under (særleg for meg som hadde så lite telt).
-Eg plasserte mest mogleg av den tunge bagasjen nede ved beinplassane. I det vesle bagasjerommet, som til vanleg ikkje er sikra på nokon måte, festa eg ein stropp over kjøleboksen, ladekablar og anna, og satte den fast i dei to isofix-festa.

-Navigering: Eg brukar iPhone. Så det enklaste var å bruka appen "LadeNå!" som verkar å vera ganske godt oppdatert. Derfrå kan ein klikke på aktuell ladestasjon som ein skal køyra til, så "kjørehenvisning". Deretter kjem ein til Apple sitt kart som oppgir kor langt det er å køyra. Og derfrå kan ein klikke på "apper" og så velje den navigeringsappen ein vil. Her brukar eg Navigon, som dermed raskt  set opp ei rute heilt fram til ladestasjonen. Eit anna tips er å ikkje bruka karttenesta "Here". Denne viste ofte 2-3 mil kortare avstand enn dei andre karttenestene.

-For all del: Lad heller ein gong for mykje, og ikkje ta unødige sjangsar med rekkevidden. Eg haldt i alle fall på å brenna meg på slutten av turen min.
Men dersom ein skulle vera ille ute og målaren står på null, så har ein som regel omlag ei mil til å gå på, innan det er heilt tomt.

-Neste gong vil eg planleggja å vitja fleire rekreasjonsstader som legg til rette for barn, og undersøka om eg samstundes kan avtala lading på slike stader. Kanskje eg òg vil leggja inn endå fleire overnattingar på turen, slik at sjølve turen byr på endå fleire opplevingar. Det er jo mykje å sjå og gjera på vegen. På vår tur blei det kanskje i overkant mykje leiking på tomme parkeringsplassar.

-Kva dette har kosta, får eg koma tilbake til, når rekninga for hurtigladinga kjem. Noko gjer turen rimeleg. Det er ingen bompengar å betala. Og nokre stader har ladinga vore gratis. På den andre sida er fleire stans som regel meir kostbart, enn om ein skulle velja å køyra 40-50 mil utan særleg stans. Og eg synest framleis at ein pris på kroner 2,50 per minutt er i overkant for hurtiglading, og isolert sett dyrare med min elbil, enn å fylla diesel. Og det trur eg er eit dårleg konkurranseelement viss hurtigladeoperatørane vil satsa på at langvegsfarande skal køyra elbil og ikkje fossilbil i framtida.

-Elles opplevde eg å stort sett koma til "dekka bord" når det skulle ladast. Hurtigladarane var stort sett ledige, og det var sjeldan andre elbilar å sjå på ladestasjonane. Dei gongene det var nokon der, var det hyggelege møte og ikkje noko nemneverdig forseinking som stressa meg. Det kan sjølvsagt endra seg når det blir endå fleire elbilar og kanskje fleire langvegsfarande elbilar. Samstundes er det å håpa at talet på ladestasjonar òg aukar. Det bør særleg opprettast fleire ladepunkt på kvar stasjon. Og hurtigladarar bør supplerast med eit større antal flexi eller sakteladarar, slik at dei som har hurtiglada opp til 80 prosent, til slutt kan topplada på desse, og slik sleppa andre til hurtigladinga. 

-Noko av det mest kritiske, er når ladarar ikkje virkar. Eg opplevde det ein gong på flexiladaren til Grønn Kontakt i Odda (det skuldast i følje Grønn Kontakt ein øydelagt sikring som dei straks utbetra)  og at ein annan elbilist måtte avbryta ladinga halvvegs på eine hurtigladaren i Røldal. Men eg lurer ein del på ladarane til Fortum. Eg har altså erfart at hurtigladaren på Kløfta for nokre månader sidan måtte passast på og restartast fleire gonger. På denne turen erfarte eg at det i Sokna stod ein elbil på Kiwi/Fortum som hadde fått ladinga si avbroten, på Berger stod ladaren uverksam og med ei feilmelding og på Kiwi/Fortum på Frogner stod ein bil med avbroten lading. Og dette gjer meg bekymra i forhold til framtidig bruk av Fortum sitt tilbod.

-Men turen elles? Kva meinte sonen min på fem år? På spørsmål sa han at han heller ville reisa med Forden neste år, og at det hadde vore for mykje lading. Han er ein type som ikkje likar overgangar og avbrot. Så av og til blei det slik at han protesterte mot å stansa for å lada, og så protesterte mot å avbryta leiken for å dra vidare. Men han var samd i at det var fint å stansa ein del for å leika. Så ein bør kanskje ikkje vera redd for leik på ein slik tur. Rolla som Venom er å tilrå. Det er kanskje òg å tilrå å stansa på meir barnevennlege stader. Og når ein først er der, kan ein kanskje bli der noko lenger, og altså bruka endå meir tid på sjølve turen.

-Og eg? Etter at me kjøpte elbil, vil eg aldri meir kjøpa ein fossilbil. Etter denne turen, vil eg aldri meir dra på ferietur med ein fossilbil. Viss eg får avgjera. Langtur med elbil passar meg godt. Å stresskøyra for å nå fortast mogleg fram til eit mål langt der framme, har aldri vore min greie. Som elbilturist blir det fleire stans, meir å sjå og mange likesinna elbilistar og andre hyggjelege menneske å prata med. Det kjekkaste var å finna ut at, ja, det går faktisk an.
Når det gjeld rekkeviddeangsten, kan ein stort sett unngå den med meir erfaring, svinga av vegen og lada heller ein gong for mykje enn for lite, planlegga godt, og gjera avtale med folk der ein ikkje finn offisiell lading på vegen.


Ingen kommentarer: