fredag, juli 24, 2015

3. Elbil på langtur - Andre og avgjerande, elektriske turdag

Det såg ut til at det skulle halda hardt. Eg rekna meg fram til at eg ville ha igjen under ti kilometer på batteriet innan eg nådde fram til Vøringsfossen. Og ti kilometer kunne like gjerne bli til null på kort varsel, avhengig av uforutsette utfordringar. Hjelpa kom muligens frå ein stad som ikkje var så forventa; Ein bubil. Det er noko med at det på eit vis er enklare å leggja seg bak ein bubil som sniglar seg framover, enn å snigla seg framover på eiga hand. Det gjekk i 50 og 60. Og det likte batteriet godt. Det kan godt henda at dette ikkje var så kritisk, eigentleg. Og etter kvart byrja det å gå nedoverbakke. Det likte batteriet veldig godt. Då eg svinga inn til Vøringsfossen, viste batteriteljaren at eg framleis hadde 40 kilometer igjen. Det heile var snudd til strålande optimisme. Vøringsfoss Kafeteria som hadde lova lading, køyrde me forbi. Dei låg litt for langt unna hovudattraksjonen.
Me parkerte, menga oss med hordevis av utanlandske turistar og såg på den imponerande Vøringsfossen.




Ved Fossli Hotell like ved spurte eg for sikkerhets skuld om eg kunne lada litt, medan me var der. Eg kunne ikkje dy meg. Ja, ingen problem, sa dei der. Men der oppdaga eg faktisk eit problem. Dei hadde straum og stikkontakt og alt. Men det såg ut til at dei ikkje hadde nok spenning til å gi bilen straumen. Så eg lurer på om dette kan vera eit problem fleire stader som er langt uti huttaheiti, sjølv om dei er nære vasskrafta.
Men så kom det kjekkaste. Nedover mot Eidfjord var det bratt. Veldig bratt. Og dette likte batteriet veldig, veldig godt. Ved hjelp av regenerering/motorbrems blei det lada i veg, såg det ut til. Vel nede i Eidfjord kunne eg, i følgje rekkeviddemålaren ha køyrd fem mil til (sannsynlegvis på vilkår av at det framleis skulle vera fritt fall).
I Eidfjord var det ein ny hurtigladar frå Grønn Kontakt. Flott og fin. Turistane stirra. Nokre engelskmenn spurte. Eg svara som den elbilambassadøren eg var. Sonen min oppdaga eit slikt lite "tog" som køyrde rundt og viste attraksjonar. Det ville han bli med på. -Nei, me må bli her, medan me ladar, svarte eg. Han byrja å bli lei. -Skal me berre gjera slike vaksenting, spurte han.
Me drog opp til Eidfjord Fjell og Fjord Hotel. Der stod det åtte sakteladarar til disposisjon, slik at me kunne lada opp dei siste 20 prosenta. Ingen andre elbilistar var å sjå, verken ved hurtig eller sakteladarane. Inne på hotellet vrimla det av turistar. Men betjeninga hjalp oss. Fann eit bord til oss og ga rask servering. Fjellaure til middag og eplekake med is til dessert.




 Så på veg til Odda. Når ein har budd lenge nok på austlandet, så gir denne vegstrekka langs Hardangerfjorden eit visst inntrykk. Det var eit tungt, grått skydekke. Stupbratt oppover mot fjellet på sida (korleis klarer folk å bu i eit slikt brattheng?) og ein smal, svingete veg. Eg får rett og slett litt klaustrofobi av denne vegen på mine gamle dagar. Det var ikkje betre av at trafikken stadig blei stoppa av bubilar som hadde problem med å koma seg forbi kvarandre.

Men batteriet likte saktekøyringa godt. Og bilen strutta nærast på veg inn til Odda og neste hurtigladar frå Grønn Kontakt. Her var det òg ein semiladar, flexiladar eller kva det heiter, der eg meiner eg kunne bruka den nye "type 2 til type 1"-ladekabelen min. Men luka opna seg ikkje. Skjønar ikkje kvifor (det skuldast i følje Grønn Kontakt ein øydelagt sikring, som dei retta opp i seinare).


Endeleg kunne sonen min leika litt. Nokre statuar er alltid kjekt å ha. Og like ved fann me Odda Vitensenter ved gamle Odda Smelteverk. Det var rett nok stengt for dagen, men hadde fleire spanande innretningar å utforska på utsida. Men sonen byrja å bli sliten. Og lei av lading. -Skal me til farmor og farfar nå, spurte han. -Ja, nå trur eg at farmor og farfar blir neste stopp, svarte eg.
Me køyrde gjennom den over ti kilometer lange tunnelen under Folgefonna. Det er imponerande at det berre er å laga eit hol tvers gjennom fjellet, under ein isbre, og vips, så er ein på andre sida. Der, på andre sida var vegen, om mogleg endå smalare. Så smal at det må eit trafikklys til for å sleppa berre einvegs trafikk framover. Han bak hadde sovna. Men då me kom til Rosendal blei eg usikker. "Det er kanskje sikrast å lada ved hurtigladaren til Grønn Kontakt her òg", tenkte eg. Han vakna til. Og tolmodet var slutt i baksetet. Han skreik til og klaga over lovnadsbrotet. -Eg vil heim igjen, ropte han. Eg styrta til bagasjerommet, fann ein pose seigemenn og stappa i han. Då stilna det førebels. Me leika litt politi og røvar på parkeringsplassen. Han skreik igjen då hurtigladinga var ferdig og eg ville vidare. Ikkje nok med at eg braut ein lovnad. Men når leiken endeleg var i gong, så braut eg av den òg.

Siste strekka var ein parademarsj. Eg hugsa denne vegen nærast som ein autostrada i barndomen. Det var den ikkje nå lenger, der den svinga seg omkring. Me passerte Husnes. Kom fram til den undersjøiske tunnelen ut til øya. Tenk: I fleire tiår blei det kjempa for fast samband for øybuane. Og så blei det til slutt løyst ved å grava ein tunell under fjorden. Like mykje eit meisterstykke som den under Folgefonna, og utenkjeleg for nokre år tilbake.
Så kom me opp på andre sida. Til øya. Sola skein lite grann. I alle fall opplevde me det slik då me kom ut av den mørke tunellen.  -Kjenner du deg igjen, spurte eg. -Ja, svarte han ivrig. Klokka var rundt åtte på kvelden. Og der var me framme. Hos farmor og farfar.



Ingen kommentarer: